Lukk meny
Finn og søk barnehage Våre barnehager

Aktuelt

I barnehagen på Valen jobbar dei no med eit spesielt prosjekt om leik og leikemiljø. Bakgrunnen er at dei tilsette var på kurs og ekskursjon på Fantoftgård barnehage med Trude Brendeland, som står bak «Fantasifantasten». Der fekk dei læra mykje spennande og henta inspirasjon.

– Målet er at ungane skal leika betre, og det viser seg at når dei får bruka skikkelege ting som dei kjenner igjen, så hevar det nivået på leiken. Tanken bak Brendeland sitt konsept er å tilrettelegga for leik ved å ta i bruk nye leikemiljø laga av utradisjonelle materiale, og det har vi late oss inspirera av, fortel styrar Kari Bakken Teigen.

Etter kurset med Brendeland blei det laga ei prosjektgruppe blant dei tilsette. Dei har funne fram til spennande tema, og samla inn ulike typar materiale som er samla i spesielle kassar. Desse kassane blir tekne fram éin til to dagar i veka.

– Det er vi vaksne som organiserer leiken og hentar fram materialet ungane treng, men det er dei sjølve som utviklar gruppeleiken. Kurset vi var på var svært nyttig, og ungane er veldig engasjerte. Dei nye materiala vi har funne er mykje gjenbruk av ting som vi har fått frå butikkar og andre, og ting som vi tidlegare ikkje har tenkt på sjølve at kan vera med i leiken. Kjøkenutstyr til dømes, forklarar Jorunn Bakke Handeland som har vore i prosjektgruppa.

Då Kvinnheringen var innom barnehagen fekk vi sjå barna i full gang med dei ulike temaleikane. På éi avdeling hadde dei sjukehusleik med bandasjar, medisin og plaster. I eit anna rom fekk dei leika med dinosaurar i «sand» av makulert papir og klekka dinosaur-egg som var laga av pappmasjé. På éi avdeling var det sett opp ein liten butikk med ekte matvarer, datamaskin og reknskapsmaskin. Det var heilt tydeleg at dei syntest dette var moro.

– Ungane vel «ekte» ting framfor andre leiker. I butikken har vi til dømes plast-frukt og grønsaker, men det er flasker med vaskemiddel og hushaldningsvarer som dei kjenner igjen dei vel først. Vi har i tillegg fylt vatn på flaskene slik at dei skal kjennast meir ekte å leika med. Ungane elskar å leika at dei handlar eller jobbar i butikken, smiler Vivian Mittet Seeberg.

 

Artikkel er hentet fra Kvinnheringen. Skrevet av Mona Grønningen.

Nettløsning levert av Digitalbyrået Arego Informasjonskapsler